tirsdag 15. november 2011

I ein kosekrok

Var på antikk og bruktmesse for nokon dagar sidan.
Fant dette fine bilder der,med nydelig tekst:

"Fader,jeg vil at hvor jeg er,skal ogsaa de,som du har gitt mig,vere hos mig,for at de maa se min kjærlighed,som du har gitt mig,ti du har elsket mig før verdens grundvold blev lagt"




Under kan du skimte eit annet bilde funne på sama plassen.
Gamal skuleplansje.



Ein kjempeflott dag idag,frostrim som ligger utover som glitter,
men ventar bare på snoen eg då,veit ikkje alle er enige,
men eg syns det høyrer til vertfall no som me etterkvart går inn i desember.
Blir ikkje det sama med adventstid uten knirking under skoa i kaldt vintervær:)


torsdag 10. november 2011

Gamle dagar

Har fått nokon koslege bilder frå gamle dagar på Laug.
Det er utruleg moro å sjå korleis livet var her på garden før i tida:)

Her ser me det vesle, gamle huset bak i bildet(bak låven) som stod her før
og danna det koslege tunet. Me vil veldig gjerne bygge dette opp att på sikt.


 Her har dei ein liten pust i bakken utanfor dette gamle huset
som  desverre måtte rivast....


Tøffe gutar på tunet:)

Ikkje bare arbeidsfolka som jobbar på gården,
hesten sliter seg opp låvebrua:)

Tilbake til nåtida har me kome godt igang med vaskerom,
gledar meg veldig til eg kan flytte inn der og få litt system i ting og tang!
Kjem igjen med bilder om ikkje lenge...
Ha ein god kveld!


fredag 4. november 2011

Nytt gammalt kjøkkenbord

Har vore innom på den berømte finn igjen,
her fant me eit gamalt rundt bord som eg har hatt så lyst på no i lange tider.
Syns kanskje det var i minste laget...

Men når det kom heim
 fant me ut at det kom med ei ileggsplate slik at det blei lenger,
og ikkje nok med det, det kunne også bli endå lenger!
 Den eine ileggsplata var borte,men det trur eg min kjære mann
 kan fikse lett..... med tida...
etter alt det andre han skal gjera......hvis eg bare spør veldig fint;)

 


Veldig kjekt om ein er mange,trur det er plass til ca 12 då...
Så då får me jammen plass til jolebesøk i år au;)

mandag 31. oktober 2011

Prosjekt vaskerom/ny inngang

Som eg har nevnt tidlegare skal me no igang med nytt prosjekt her,
sjølv om me hadde ein veldig kosleg veranda med tak her, fant me ut at det ville vera endå meir kjekt med eit vaskerom og ein liten utvidelse av gangen.
Me har ikkje stort bad og no etterkvart når to blir til tre er vil det bli endå meir praktisk med vaskerom
og mulighet til stelleplass der.


Me har fått tak i gamle doble dører der me har rukke å vertfall måla utsida før dei i stor iver skulle på plass;) Vindauga er bestillt,men me må vente til desember før dei kjem,så imens må me leve med nokon sorte firkantar av nokon hull


 Mannen har prøva å måle på ei sprosse på det eine vindauga ser eg,
men det blir liksom ikkje heilt det sama;)
vaskerommet blir i dei to vindauga(pappfirkantane) du ser til høgre for døra.resten blir inngang.



Har kome godt igang, vertfall på utsida.
Utanfor her er det byggeplass for alle penga no, så gledar meg til å presentere eit julepynta inngangsparti når det mot desember er ferdig:)
Fleire bilder kjem etterkvart, når innsida begynnar å ta form:)



Ha ein strålande dag!

mandag 24. oktober 2011

Haustkos og nye Idear

Det er så kosleg med haust:) Kjenner at eg er eit orntleg haustmenneske. Likar å kose meg inne med peiskos og tente ljos. Det trengs ikkje så mykje anna enn dei mørke tømmerveggane i finstoga for å få den rette stemninga. Er såå glad for at desse veggane var det som skjulte seg bak platene me reiv av under oppussinga:)


Me er igang med nytt prosjekt au,vaskerom blir det nye på lista over ting som skal gjerast!
Me har funne ut at me ville ofre det overbygde inngangspartiet og kle det inn til eit vaskerom.
Me har ikkje verdens største bad, og med ein liten nykomar om ca 3mnd ønska me oss veldig ein stad til stell og diverse. Me har alt kome godt igang med reisverk og isolering, så bilder kjem etterkvart som det er noko å vise fram;)

Håpar de kosar dykk!

fredag 23. september 2011

Stoga

Her er eit lite glimt inn til stoga vår igjen,her har me fått ny sofa som var ein smule bedre å sitte i enn den gamle som stod her frå før. Er flott med gamle ting..men vitsen blir liksom litt burte når ein ikkje sitter i sofaen fordi den er så vond å sitte i;) Særleg no som ryggen etterkvart verkar litt av ekstra vekt,er det greit å sitte godt når ein skal kose seg foran peisen:)


Sofaen heiter "Bris" og kjem frå Skeidar.Eit lite glimt av den her.

Gledar meg til kosleg besøk frå syster og tanteungar,
ikkje så ofte me ser kvarandre,så denne helga skal me kose oss!



Ønsker dykk alle ein kosleg haustkveld:)

tirsdag 20. september 2011

Eit livstegn!

Hei alle sammen, no er det utruleg lenge sidan eg har gitt eit lite livstegn frå meg her på Laug!
Har hatt behov for ei lita pause i sommar, for det har jammen meg skjedd ting i løpet av denne tida.
Skal ikkje bli veldig privat i denne bloggen men,
"Sorgen og gleden de vandrer til hope" står det i ein salme, og det har me fått erfare med dødsfall i familien, og midt oppe i den sorga opplever me det største ein kan oppleve,nemlig det å vente barn og det å skulle bli foreldre:) Er no 5 mnd på veg,alt ser bra ut og me er overlykklige, men det er veldig vondt å sjå at andre er i heilt andre ende av lykkeskalaen...



Her på bloggen skal det likevel fokuseras på det positive, og ikkje nok med den lille i magen hos meg har me fått 5 nye bebuerar her på garden. 5 små kattungar er født og du kan tru dei er nydlige:)



fredag 17. juni 2011

Ute igjen

Lenge siden sist!
Har ikkje vore noko flink med innlegga i det siste;(
Syns det er vanskelig å sette seg ned med dataen no på denne tida av året gitt...


Nokon bilete frå uteplassen vår i hagen, dykk kan tru det blir varmt her i solveggen.
Er ikkje så god på å sitte å steike meg i sola,så det er godt å ha alternativ i skyggen au når
solsteiken er som verst her;)

Det er så lenge sia eg har vore rundt å kikka på bloggar
så det er jammen på tide,treng å koma meg ut av dvala
for å få litt inspirasjon:)

Ynskjer deg ein fin dag!


fredag 27. mai 2011

Endeleg fredag!

Endeleg var me komen fram til helga, like kjekt kvar gong:)
Ønska meg litt finare ver,men då får me kose oss inne,
ikkje så dumt det heller,tenne mange ljos og fyre litt i ovnen
.....må  faktisk fyre litt om dagen....

 Viser nokon bilete frå stoga vår idag,ei stund siden den har blitt vist:)


Tusen takk for alle koslege oppmuntringar ang møkkakjellaren,
godt det ikkje bare er eg som trur det har potensiale...
Får be dykk alle som ein på middag her ei gong når det er ferdig;)

Ville egentleg bare ynskje dykk ein rektig god fredag og god helg.Kos deg!

torsdag 26. mai 2011

Langbord lagt ut på håndverkslåven

Er bare innom ein liten tur for å sei ifrå at
me har lagt ut eit langbord på Laug håndverkslåve sida vår.
Om det skulle vera av interesse,kan du trykke deg inn HER for å sjå meir:)

Bordet lignar dette,som me har laga tidlegare...

Ynskjer deg ein super dag!