Viser innlegg med etiketten ute. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ute. Vis alle innlegg

fredag 17. juni 2011

Ute igjen

Lenge siden sist!
Har ikkje vore noko flink med innlegga i det siste;(
Syns det er vanskelig å sette seg ned med dataen no på denne tida av året gitt...


Nokon bilete frå uteplassen vår i hagen, dykk kan tru det blir varmt her i solveggen.
Er ikkje så god på å sitte å steike meg i sola,så det er godt å ha alternativ i skyggen au når
solsteiken er som verst her;)

Det er så lenge sia eg har vore rundt å kikka på bloggar
så det er jammen på tide,treng å koma meg ut av dvala
for å få litt inspirasjon:)

Ynskjer deg ein fin dag!


tirsdag 24. mai 2011

God ide eller rein galskap?

Kunne du tenke deg å spise middag her? :)
Den nyaste ideen som er dukka opp i hodet på gardsfolket på Laug
er å lage eit lite "selskapslokale" i den gamle møkkakjellaren...skeptisk?  :)



 Det må leggas til at det er veeeeldig lenge siden den har vore i bruk;)
Kjempefine murveggar med stein, og ser for meg langbord her
med mange levande ljos som lyser opp og lagar ein lun stemning.


 Muligens det bare er meg som klarar å sjå potensialet her,
for mannen sa litt oppgitt ,mens me rydda ut noko gamalt skrot:
-Det er vel litt vel vilt?


 Mulig det er det,me må vertfall rydde og skrubbe
 og fylle opp med grus på golvet
men eg trur faktisk det kunne bli bra...
Har nok av andre ting me heller burde gjort
...men det er jo så mykje artigare å starte på nye prosjekt,hihi;)
Typisk oss!

fredag 20. mai 2011

Hageliv

 Er så kosleg i hagen no som det er blomstringstid for epletrea.
Både ser og luktar heilt fantastisk,
så no manglar bare hengekøya imellom stammene,
så blir det ein fantastisk plass for avslapping:)


 Bildet er tatt tidleg tidleg ein morgon mens disen fortsatt ligg utover jordet.


Også må eg bare få vise dette bilete av dei søtaste små nurka,
heile ti i tallet er dei blitt,og fleire blir det., hvis dykk legg merke til egga under hønemor;)
No må me til med utvidelse av hønsegården ser det ut til.....


torsdag 19. mai 2011

Laug i gamle dagar

Hei! Her var eg igjen,etter både blogger og internett trøbbel... 
Fyrst blei alle kommentarane sletta når blogger hadde trøbbel
 og så reiste internett sin veg for ei stund,
fælt så abstinensar ein kan få av slikt noko;) Endeleg på nett igjen!

Har hatt kosleg besøk av Liv frå "Livs Lyst",
ho er utruleg dyktig til å ta bilder,
 og til å få fram den gode følelsen,stemninga i bildet!
Snill er ho også, for gjett om eg blei glad
då ho hadde funne dette gamle bildet av Laug
 som ho sendte til meg. Tusen takk Liv:)
Så kosleg å sjå korleis det var her i gamledagar,
 her ser ein kvar gamlehuset stod,heilt opp med vegen.
Hvis eg forstod dei forrige eigerane riktig, så måtte det desverre rivast
 fordi det blei angrepet av sopp,trist,men slik er det no bare....


Me har uansett planer om å få opp ein bygning til her på garden.
Hadde vore stas å fått opp eit lite bryggerhus/eldhus her...
Men...det er nok å ta seg til her,
så det er vel best å ikkje snakke for høgt om det enno,
 slik at mannen får angst;)

Tusen takk for alle nye følgerar og kommentarar,det set eg stor pris på!
Har hatt litt trøbbel med å få svare alle,siden det var litt nedetid med både det eine og det andre,
men eg er vertfall glad for kvart einaste lite ord eg får:)
Ynskjer deg ein strålande kveld!


onsdag 11. mai 2011

Veranda

No regnar det endeleg på knusktørre jorder og plenar her på Laug
Ein heilt spesiell, frisk luft kjem smygande og alt blir vaska  reint.
Då er det kjekt å kunne trekke under tak,her på inngangspartiet/verandaen...

Har hatt ein liten fornying her:)
Har laga oss ei brei og god dagseng av ei gamal ,
enkel sengeramme og ei dør satt bak til ryggstøtte.
  

 No kan eg krabbe oppi ,
krype under dyna som ligg her til kalde vår/sommer kvelder,
og kose meg med eit blad eller ei bok.

 Fryktelig kjekt med ein plass å sitte som er under tak..
Om ein vil, kan ein trekke gardinene for slik at det skjermer og lunar litt.



Ynskjer DEG ein fin maidag, enten du tilbringer den ute eller inne:)


tirsdag 3. mai 2011

Avslapping

Nokon bilete utenom det vanlige idag,
men det har vore så mange fine turar med båten i det fine vårveret 
og eg føler eg må vise forklaring på kvifor det har vore litt lite blogging i det siste:)







Godt å legge frå seg målepensel og ta seg ein  liten pause på Telemarkskanalen:)

mandag 18. april 2011

I Hagen

For ei herleg tid me er inne i no,energien bare boblar i kroppen:)
Er så kosleg å ordne i hagen,rydde og pynte, å sjå  plantene starte opp att med sitt:)


Har laga oss ein liten vaske plass i hagen,
kjekt på denne tida når hendene stadig vekk er fulle  av jord...



Kjekt var det også å kunne ta ibruk sjølvlaga plantebord,
det var endå meir praktisk enn eg hadde trudd,
og utruleg godt å kunne stå å god arbeidshøgde å jobbe.


 Ein blir full av energi på denne tida,
er så mykje å ordne med i denne gamle hagen med mykje potensial....
men det er ikkje alle i denne familien som bryr seg like mykje,
Tasse tar livet med ro og nyter sola;) 



lørdag 9. april 2011

veranda

Endelig er vinden stillna og menneska på Laug kan trekke ut i hagen att.
Har vore voldsomt til vind her eit par dagar, det nyoppsatte gjerdet,
og nokon av trærne har måtte bukka under for naturkreftene...
Til og med hønene blei nesten blåst bort....


 Blir jo heilt surrete i hovudet av denne vinden au:)
Godt å ha ein lun plass her på den overbygde
 verandaen /inngangspartiet vårt


Har vore på loppemarked idag,noko eg syns er heilt topp,men jammen er det godt mannen er med , for eg blir nok litt distre når eg kjem inn dørane sammen med eit vist antall andre menneske;)

Dette vesle skåpet blei med heim idag,
sammen med mykje anna som det sikkert blir bilde av seinare...



 Dette kaffesettet blei også med heim for ein billig penge..


 Nye ting må jo prøvast med ei gong,så no blir det prøva ut her på verandaen :)


Håpar du har ei kjempefin helg!