Viser innlegg med etiketten låve. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten låve. Vis alle innlegg

onsdag 19. januar 2011

På låven

Planen er at eg skal ha ein verkstad og liten butikk på låven.
No har me isolert taket på eit av høytørkeromma nede og
no kan me sette igang å måle veggar,legge golv...
gledar meg til å sjå korleis det blir...


Sussi skjønnar ikkje kva som er vitsen med å arbeide heile
 dagane slik trur eg:)
 


Ein liten kikk inn på eit bord som
 stadig blir flytta rundt om i huset(veit ikkje heilt kvar eg skal ha det)
no står det ved trappa...
Likar meir og meir nokon mørke og brune innslag i alt det ljose.
 

No skal eg ta meg ein tur rundt å bli inspirert av dykk andre, lenge sidan sist!
Skal legge ut nokon fleire bilete frå butikk fiksingen på
 Håndtverksbloggen i løpet av dagen.
Ha ein flott dag!  :)

onsdag 10. november 2010

Ein kikk på låven

Ein liten tur inn på låven idag. Eller i går egentleg..seeeint i går,så det er kanskje ikkje den beste kvaliteten på bilda,
(det er det vel strengt tatt aldri med mitt gamle kamera)
Men her er vartfall nokon knips derfrå:

Som dykk ser her på bilde nr2 har det kome opp vegg som deler rommet bak i låven.
Den er der for å skjule den store saga som står bak der og for å bli utstillingsvegg for måleri og diverse...

og...ja det er ein mann som sit heilt inni hjørnet der..hihi. arbeidsmannen min:)

Låven har me tenket å bruke til butikk og utstillingslokale,
men også til ein plass me kan bruke til bursdagar og diverse.
Derfor har me satt inn dette bordet,som kjem frå garden,å mannen i huset skal lage benkar til etterkvart...

 Det er ikkje isolert her oppe,så bli nok ein rimleg kald sak å ha selskaplighetar på denne tida. Men det er jo så kosleg her uppe syns me,at me lurar på å lage ein ny tradisjon med å eta jolegraut her oppe på svartjoleftan(lillejulaften)
 Vindauga som du ser her,har ikkje glas i seg,så det er rimleg høgt prioritert å få inn. Ikkje vits i å gjera det kaldare en det treng vera:)

 Eit lita jolegrån er henta inn. Grunnen til at den er henta inn alt er at me planlegg ein bitteliten joleutstilling her.
Skal jo lage butikk her på sikt,men den blir meir sesongopent,så i fyrste omgang ein liten utstilling...



PS.du kan sjå meir om låven og planane framover
 på låvebloggen Laug håndtverkslåve

torsdag 9. september 2010

Haustkos


Er så kosleg å vera i skogen å plukke tytteberlyng og lage kransar. Endå koslegare er det når ein har godt selskap slik som Tasse:) Får skikkleg lykkefølelse av å gange slik i ro og mak og trekke inn den gode haustlufta...

Fylte ei korg og ein pose med litt natur å så var det bare å sette igang:)
Fekk dilla på å lage kransar i fjord haust,og den "dillen" hadde vist ikkje gjeve seg heilt enno fant eg ut;)


Så..fiks ferdig krans,klar til å henge på skapdøra

Og for slitne turgåerar er det godt å kunne slappe av sammen med ein nyankomen venn: Sussi

Ha ein fin haustkveld,
no skal eg ut å rote i det her:
Som liksom skal bli gardsbutikken vår på sikt...
Blir ikkje mykje sofakos på meg i kveld gitt;)