Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg

fredag 30. desember 2011

Joletid

Joletida er snart over.....
Men skal nyte den litt til, her kjem nokon jolebilder frå oss



 Her(under) er dagsenga beleira av ein haug med dyr som kosar seg midt i julestria:)
Hunden vår Tasse og pusane Sussi og pipepus...:)


 No er det snart andre ting som opptar oss,
bare ein mnd til termin no,tenk at det bare er nokon få uker igjen til me har vår lille baby:)
Me gledar oss så!!

Fyrst er det nyttår som skal feirast sammen med svoger og svigerinne,blir kosleg!

fredag 4. november 2011

Nytt gammalt kjøkkenbord

Har vore innom på den berømte finn igjen,
her fant me eit gamalt rundt bord som eg har hatt så lyst på no i lange tider.
Syns kanskje det var i minste laget...

Men når det kom heim
 fant me ut at det kom med ei ileggsplate slik at det blei lenger,
og ikkje nok med det, det kunne også bli endå lenger!
 Den eine ileggsplata var borte,men det trur eg min kjære mann
 kan fikse lett..... med tida...
etter alt det andre han skal gjera......hvis eg bare spør veldig fint;)

 


Veldig kjekt om ein er mange,trur det er plass til ca 12 då...
Så då får me jammen plass til jolebesøk i år au;)

torsdag 3. mars 2011

Trillebord og kaffekoppar


Eit lite mørkt trillebord  blei ståande igjen etter dei forrige eigerane,
Eit kosleg og praktisk bord, det er også eit lite industriellt innslag som ein kontrast til bryllupsgåva til mine besteforeldre,det gamle  blomstrete kaffeserviset, frå porsgrunn porselen.

Desverre manglar eg mykje koppar og skåler til det(har bare to koppar),
så håpar eg er heldig og kjem over det med tida..



onsdag 2. mars 2011

Kjøkken

No er det lenge siden eg har hatt besøk av dykk her på kjøkkenet,så då NIB sin mars utfordring hadde kjøkken som tema,blei det kjøkkenbesøk idag:)
Dei fyrste bileta er tatt igjennom vindauga som er satt inn mellom kjøkkendelen og ein stogedel av rommet.

 


 Ein liten tass her som sit ved matboksen sin i håp om litt mat:)

Sjølve kjøkkeninnredninga er frå Ikea,så ikkje nok unik der,men har prøvd så godt me kunne å få ein personleg løysing likavel.




Brødboksen som stod her når me overtok,har fått seg ein liten make over...
sola skin gjennom vindauga idag.Kosleg med vårsola no:) Smeltar jammen unna på snøen her,og kjekt er det,for det er nok å ta av !

Håpar dykk alle har ein nydleg dag!

torsdag 27. januar 2011

Pute utfordring

Fekk ei kosleg Utfordring frå Ruter og Hjerter,
 om å vise fram puter frå heimen og kvar dei blei brukt.
Har som mange andre putedilla, og diverse sofaer og stolar bli fyllt så fulle
at min kjære mann lurar på om han får plass når han skal slenge seg nedpå sofaen.

Her i dagsenga ved kjøkkenet har eg samla ein heil haug med div puter.
Det skal jo vera godt og mjukt å slenge seg nedpå;)
Den fyrste puta her er ein gamal som eg fekk med på kjøpet hos ein brukthandlar.
Den var veldig godt brukt,slitt, nesten hull i midten,
derfor sydde eg på ein gamal liten duk som eg hadde liggande..

Den i lin med striper på er eg veldig glad i,kjøpt på H&C for ein billig penge.
Kjekt var det siden eg har ein valp i hus som har gjort at eg har måtta
kjøpt ny puter omtrent annankvar vike.

Syns det er litt vel shabby når alle putene har fått fjerna hjørna sine gitt..
Du bli veldig "glad" kan eg love,når du etter ein liten tur oppe,
                        kjem ned att til ein biteglad valp og han er igang med hjørna på pute nr 5!   
                          


Sender pute-utfordringa videre til


No skal eg og mannen på inspirasjonstur til eit gamalt småbruk:)
Ha ein fin dag alle sammen!

mandag 24. januar 2011

rive ned,bygge opp att

Har sett eit gamalt vindauga i opninga mellom kjøkken og kvardagsstoga.
Veggen reiv me ned når me overtok og no bygger me den opp att:)
Neida,det skal stå som det gjer no,men har sidan me reiv veggen,
syns at det har vore litt vel opent her..

 Likar likevel den opne løysinga ,så då syns  me eit vindauga var eit godt alternativ,
fint å sette ljos i på kvelden og:)
--
Ikkje det ferdige resultatet de ser her.
Skal panel på nederst og lister,men det skjer litt etappevis i detta huset;)



 Syns liksom eg har sett bilete av Tasse ligge akkurat der før også;)
Må kose seg etter ein har vore på tur vettu...





onsdag 5. januar 2011

Gamle teppe

Ein liten kikk igjen på slenge-seg-nedpå senga vår...
som har kome godt med i desse joletider :)
...Eller egentleg er det vel det som ligg oppi eg vil vise dykk...

Desse teppa kjem frå garden mor kjem ifrå i Arabygdi , Vinje og er heimevevd på garden der.
Det nederste fortalte mor at låg i himmelsenga i den gamle stoga der.

Syns det er så kosleg å kunne omgje meg med slikt som har slik historie bak seg.
Det var eit teppe til likt som det i senga,men det var desverre litt øydelagt...
...Men alt kan brukast,og får sjå om eg ikkje får laga nokon puter av det med tida:)


Goe kjakar;)  frå

torsdag 25. november 2010

Kosleg bakebord

Gledar meg så til eg skal igeng med jolebaksten...bare kos for min del:)

 Er kosleg å sette mjøl og diverse saman i ei gamal kasse,
å ha dei framme her gjennom jolebakinga :)

Tenne eit lite ljos mens mjølet virvlar,
bare passe på å ikkje bli for ivrig i kjevlinga å velte det;)


Eit gamalt kjøkkenhåndkle kan også få ligge framme litt...

Gledar meg til baksten til neste veke,
men fyrst blir det ein liten stand på Jolemarknaden i Seljord til Laurdag.
Planene om utstilling på låven her må vente litt,sidan me har hatt litt knapt med tid desverre.
Men ein liten kosleg stand i seljord blir det likavel.



Meir om butikken her på Laug kjem etterkvart:)
Ein fin dag til dykk alle!


lørdag 14. august 2010

Kjøkken for alle penga

Hei igjen alle flotte menneske!
Tenkte å vise dykk nokon bilete frå kjøkken oppussinga idag og startar då med nokon "før" bilete...


Kan vel sei at kjøkknet var modent for utskiftning etterkvart.
Det fyrste bilete her viser rommet som var utenfor kjøkknet.
Det er på ein måte ei lita ekstrastoge der trappa til 2 etg også går opp.
For å få eit luftig og større kjøkken,valgte me å rive denne veggen å sette opp støttebjelker her istaden. Bjelken i taket  kjem faktisk frå Lunde kyrkje:)

Her er veggen borte..Viftehatten har min kjære far laga til oss.Laga i tre og er beisa i fargen;drivved. Syns det blei veldig bra med litt kontrast til eit ellers ljost interiør.

kjøkkeninnredninga er "ståt" frå IKEA,det er kjøkknet me hadde på utsikten og me var så fornøygd der at me valgte det igjen:)
Stor porselensvask frå Ikea(den har eg ønska meg lenge!) og svart dåtid ovn frå sama stad;)


Kjøkkeninnredningen her på høgre side har ikkje fått den siste finishen enno.Her skal hyller kome imellom dei to overskapa,og skapa skal få dekksider med dekor..
Veldig fornøygd med den opne løysinga..Har ikkje fått lista overalt enno å slikt,men men..

Dette er kroken vedsia av trappa,ein liten kosleg plass...

Ha ein fin dag alle sammen,kos dykk i det fine veret!

Klem