Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg

torsdag 5. januar 2012

Gamalt skåp

Litt nytt....
Eit gamalt matskåp som me fant på finn for ein billig penge.
 Rosemåling og blåfarge som er måla i seinare tid
,men under dette laget dukka det opp
ein fin grønfarge som me må prøve å få blanda til...

Toppen av skapet er laga av ei gamal kasse frå USA,
man tager hva man haver! ;)
Moro med slike småprosjekt,
dårlige bilder,men måtte dokumentere litt med før bilder:)

mandag 31. oktober 2011

Prosjekt vaskerom/ny inngang

Som eg har nevnt tidlegare skal me no igang med nytt prosjekt her,
sjølv om me hadde ein veldig kosleg veranda med tak her, fant me ut at det ville vera endå meir kjekt med eit vaskerom og ein liten utvidelse av gangen.
Me har ikkje stort bad og no etterkvart når to blir til tre er vil det bli endå meir praktisk med vaskerom
og mulighet til stelleplass der.


Me har fått tak i gamle doble dører der me har rukke å vertfall måla utsida før dei i stor iver skulle på plass;) Vindauga er bestillt,men me må vente til desember før dei kjem,så imens må me leve med nokon sorte firkantar av nokon hull


 Mannen har prøva å måle på ei sprosse på det eine vindauga ser eg,
men det blir liksom ikkje heilt det sama;)
vaskerommet blir i dei to vindauga(pappfirkantane) du ser til høgre for døra.resten blir inngang.



Har kome godt igang, vertfall på utsida.
Utanfor her er det byggeplass for alle penga no, så gledar meg til å presentere eit julepynta inngangsparti når det mot desember er ferdig:)
Fleire bilder kjem etterkvart, når innsida begynnar å ta form:)



Ha ein strålande dag!

onsdag 19. januar 2011

Måtte bare legge ut nokon bilete til idag
denne gamle artige brødboksen som stod her...
 Må fiksast litt på i fargen ,men ellers var den kjempesøt.
ein gamal porselensknott også....
 Bli nok zinkspray på denna og tenker eg,
eller så målar eg den i
ein ljos sart farge... Me fær sjå når kreativiteten
kjem tilbake:)

Om det skulle vera av interesse,
har me lagt ut fleire bilder frå butikk-fiksinga på Laug håndtverkslåve .
Bare klikk deg inn om du vil sjå:)


Snakkas snart igjen!
men ikkje fleire innlegg idag;)

torsdag 16. desember 2010

Litt oppussing før jol

Hei igjen alle sammen. I dag slenger eg ut nokon bilete av gangen vår,
som me har hatt ein 2,5 dags oppussingsrunde på.
 Har snille foreldre som har vore på arbeidsleir hos oss igjen;)

Gangen vår har vore veldig nedprioritert hos oss,
har liksom vore så mykje anna å halde på med,
og tilslutt legg ein nesten ikkje merke til korleis det ser ut!

 Men var bare utruleg godt når me endelig fikk gjort det!
Kosleg å møte folk med eit litt kosleg rom når dei
kjem på besøk i jola.

 Me har lagt belegg i gangen,he vore veldig skeptisk til nettopp dette...
men det er jo så utruleg praktisk og det er eit kjempefint golv som ser ut som
eit gamalt mørkt tregolv....blei faktisk veldig fornøygd!

Me har har hatt panel på veggane og måla med ein ljos blågrøn farge.
 Litt styling og listmaling må til før me seier oss ferdige.
men ein gamal planke frå låven er komen inn som knaggrekke.

 Gamal planke og knaggar blei til knaggrekke,her heng ein liten velkomsthelsing til dei som kjem innom.


 Nokon reinsdyr og nokon andre dyr;)
Var ikkje lett å få tatt så fine oversiktsbilete herfrå, liten gang,
så eg stod heilt knyst oppi veggen,nesten inne i skapet, for å ta bilde:)


Tilslutt eit før bilete.
Slik såg gangen ut når me overtok.:)


Ha ei rektig god førjolstid alle sammen!
Håpar de kosar dykk og nyt denne fine tida,
ikkje stress for mykje ,nyt dagane:)

fredag 15. oktober 2010

Nye bilete frå gjesterommet

Hei igjen alle flotte folk,håpar dykk he ein god fredag:)
Legger bare inn eit par bilete av det ferdige arbeids/gjesterommet. Så godt å endelig ha eit rom å jobbe på.
Luksus:)


 Kjekt med ein ekstra overnattingsplass også..



Fant sofa og to stolar kjempebillig på finn her om dagen. Var kjekt,for den gamle sofaen hadde absolutt sett sine beste dagar:)
Var litt skeptisk til grønfargen,men når eg fekk den på plass syns eg den passa fint inn...
Greit med litt farge også:)


Ønsker alle som har tatt turen innom ein god fredag!:)



tirsdag 5. oktober 2010

Billig lysekrone


Har i lang tid ønska meg ei lysekrone til levande ljos. Syns det gjev ei heilt spesiell steming til rommet.
Har ei stund gått å sikla(nesten bokstavleg talt;) på ei kjempefin ei inne på ein nettbutikk.
Einaste problemet er: Det er ikkje akkurat lagt inn lysekrone-post i oppussingsbudsjettet vårt...


 Løysinga blei då,finne ei billig lysekrone i messing på ein bruktbutikk. Spray med zink spray, og henge på prismer frå panduro..
Opphenget var ikkje noko fint,så det sydde eg "trekk" til...
Enkelt og greit!

Gode klemmar frå Laug

torsdag 1. juli 2010

Soverom og gjesterom

Er er så glad for at me klarte å få soverommet ferdig ganske fort. Er så godt å ha eit behageleg og avslappande soverom å trekke seg tilbake på når ein har jobba og streva heile dagen.


Manglar jau litt enno. Skal sette opp ei hylle over senga av ein gamal planke og me må henge opp nokon fleire bilete og lamper over senga.

Under ser dykk det levande bevis på at huset absolutt ikkje er ferdig(hvis du ser ut i gangen:)
  


Her er gjesterommet.
Me er så heldige at me stadig vekk får besøk av snille foreldre som kjem for å hjelpe oss med oppussinga av huset. Så derfor var gjesterommet ein av prioriteringane no i starten...


Kommoda stod att her etter forrige selgar,men var brun og veldig sliten og stygg.Den blei måla ljos og pussa litt i kantane.

Eit ganske lite rom,men desto meir kosleg å sove i:)
Kjøpte senga på ikea,som var på 140(akkurat bredda på rommet:)

 I morgo skal me ut å reise,skal i bryllup på Laurdag.Blir kjempekosleg,men ei ganske lang reise for økkøs vesle valp...godt me har med mor og far til barnepike;)

No skal eg inn å sjå på fine blogger!
Er utruleg lenge sia eg har kunna gjort det...

Ha ein fin dag:)

mandag 3. mai 2010

Endelig har me overtatt

Endeleg har me overtatt garden! Puh,det tok jammen sin tid,men endelig var dagen der:) Så no er flyttinga i full gang her,med svette,tårer og lette angstanfall( Ikkje av det alvorlege slaget,men; "hjelp-det-er-bare-nokon-få-dagar-til-me-skal-vera-ute-av-huset" type angst...)
Ikkje nok med att me må flytte ut om nokon dagar,men me skal også flytte inn i eit hus som etter min meining er laaangt frå innflyttingsklart...godt me har campingvogna å sove i så lenge:)

No er eg igang med å skrape og måle vindauge her i huset.
Me har tenkt å bevare dei gamle som er her og pusse dei opp.Me er fullstendig klar over at det blir mykje jobb,men det er noko heilt spesiellt med desse gamle vindauga. Eg er av typen "tenkar" og når eg står der å skrapar vindauga og målar ,startar hjernen min automatisk å pønske ut nye ideear for huset. Så då sette eg igang då vettu,nye gardinkapper til dei uferdige,umåla og flassete vindauga.hihi





Gardinen blir dog av den enkle sorten,billige laken på princess,sy på blonde.Fiks ferdig!
Ettersom det vil ta litt tid før me kan dekorere inne,får me pynte litt ute så lenge.
Ute i hagen stod det eit gamalt badekar,som ho som hadde budd her før dynka blomane sine i:) Me tenkte me ville bruke det til ein liten fontene.
Me kjøpte ein billig pumpe på JULA og henta nokon store steinar til å legge rundt og planta nokon stauder inni sprekkane...
Trur det vil bli fint når me får funne nokon fine steinar til å ha nedi badekaret også...


No må eg ta meg ein tur rundt å kikke på litt på dei fine bloggane att,
huff,blir litt lite tid til slike ting no som me har det så travelt..
Men eg kjem sterkare tilbake!

tirsdag 20. april 2010

Godt innpakka gåver:)

Me har fortsatt ikke formelt overtatt garden enno,men det er bare dagar om å gjera no. Har fått lov av selgar å begynne litt på rivinga og utryddinga inne no...


Taket var dekka med strie og lerret. Under var det fint panel! Det er som å pakke opp den finaste jolegåva:)Neste spenningsmoment var å rive av dei harde og utskiftningsklare platene på stogeveggane. Bak skjulte det seg fine tømmerveggar,kjempefine var dei! Ikkje noko tegn til Husbokk her vertfall.Hurra:) 



Ser verkeleg for meg korleis det hjem til å bli her no... Skal ha tømmer på to av veggane og kvitmåla panel på dei to andre. Me skal beise tømmerveggane med beisen,drivved...
Gledar oss til me kan starte med det:)

Her er det visning idag og imorgo,har fått bra tilbakemeldingar,så håpar salget gjeng bra!

Stor klem til dykk alle!

tirsdag 6. april 2010

Så va eg her att

Bli eit litt lengre avbrekk enn eg trudde frå bloggen,men med både host og hark pluss påskeferie,så drøya det litt...

Heldigvis er eg kvitt mi tette nese no,og hvis det er nokon som er plaga med det same, er nese horn( ikkje som i dyret;nesehorn:)men noko du kan bruke til å skylle nesa med..fåes på apotek! Hjelpte vertfall på meg:)

Bilde inne frå Laug,når me var å kikka der før kjøpet

Det går sin gang her hos oss,me ventar fortsatt på å få overta småbruket. Og det einaste me kan gjera mens me ventar,er å legge endå fleire planer om oppussing...

Bilete over er frå kjøkknet(lengst inn) og trapperom/ekstra stue.
Denne veggen som du ser her,lurar me litt på å rive for å få eit stort rom.. Og muligens ein stor peis her(som ein då ser frå begge romma...men bare tankar enno..er mange idear som surrar no før me overtar,og det er vel bare halvparten som det bli noko av...:)