Har fått nokon koslege bilder frå gamle dagar på Laug.
Det er utruleg moro å sjå korleis livet var her på garden før i tida:)
Her ser me det vesle, gamle huset bak i bildet(bak låven) som stod her før
og danna det koslege tunet. Me vil veldig gjerne bygge dette opp att på sikt.
Her har dei ein liten pust i bakken utanfor dette gamle huset
som desverre måtte rivast....
Tøffe gutar på tunet:)
Ikkje bare arbeidsfolka som jobbar på gården,
hesten sliter seg opp låvebrua:)
Tilbake til nåtida har me kome godt igang med vaskerom,
gledar meg veldig til eg kan flytte inn der og få litt system i ting og tang!
Kjem igjen med bilder om ikkje lenge...
Ha ein god kveld!





