Viser innlegg med etiketten veranda. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten veranda. Vis alle innlegg

onsdag 11. mai 2011

Veranda

No regnar det endeleg på knusktørre jorder og plenar her på Laug
Ein heilt spesiell, frisk luft kjem smygande og alt blir vaska  reint.
Då er det kjekt å kunne trekke under tak,her på inngangspartiet/verandaen...

Har hatt ein liten fornying her:)
Har laga oss ei brei og god dagseng av ei gamal ,
enkel sengeramme og ei dør satt bak til ryggstøtte.
  

 No kan eg krabbe oppi ,
krype under dyna som ligg her til kalde vår/sommer kvelder,
og kose meg med eit blad eller ei bok.

 Fryktelig kjekt med ein plass å sitte som er under tak..
Om ein vil, kan ein trekke gardinene for slik at det skjermer og lunar litt.



Ynskjer DEG ein fin maidag, enten du tilbringer den ute eller inne:)