Stoffet er grovt linstoff, natur, som me kjøpte over nettet på stoffogstil.Hadde besøk av mine kjære foreldre i helga, og far hjalp til! Han er ein mester på slikt:)Ikkje dei beste bilda(er mørkt) men me blei veldig fornøyd!
Oppdatering:Nokon som ville ha litt tips ang dette,så då skriver eg det inn i innlegget her:)
Du kan fint trekke om ein stol sjølv, men syns det var veldig godt å ha ein far til hjelp:) Me har kun stifta fast stoffet,og eg ser att det kan nok vera finare om me får eit pyntebånd over der me har stifta.Sitteputa i stolen er laus,så den sydde eg trekk til på sysmaskin..der ser eg at eg har vore for flink med måla,så den blei litt slaskete.Rådet faren min hadde:Sy trekket litt mindre enn det du måler..
Slik såg den ut før:
Me har fått det gamle badekaret til mor og far no,skal bli godt å kunne ta seg eit bad i ny og ned. Har tenkt å sy trekk rundt det istaden for å ha badekarpanelet på, men me får sjå korleis det blir fyrst...
Må rundt å kikke litt på andre bad her i bloggverden, mange kjempefine,nostagiske bad å bli inspirert av!
Ha ein fin veke!Klem frå
