Fekk ein award for nokon dagar sidan,med den fylgde det ein utfordring
og det var å skrive 8 ting om seg sjølv....og her kjem det..
| Haust 2010 |
1. Me var overbevist om at me ikkje kom til å kaupe Laug fyrste gong me var å kikka...Me hadde akkurat blitt nogenlunde ferdige med oppussingsprosjekt nr 1, og det frista lite å begynne frå starten av når me såg så dårleg det stod til... Men utruleg nok hoppa me ut i prosjekt nr2:)
...Og godt er det;)
2. Til å vera ein som likar orden og system, er eg utruleg rotete av meg,er eit slit å vera meg til tider for eg må heile tida rydde opp etter meg sjølv fordi eg ikkje har klara å legge ting tilbake osv når eg har arbeid med noko...:)
3. Eg er veldig glad i måle bilder,
gjerne sammen med min mann som også har dette som ein stor hobby,
håpar eg får meir tid til det snart,for no gjeng dagane til å måle veggar istaden for lerret...
4.Veldig glad i dyr, nesten for glad til tider..
er utruleg glad i dei dyra me har( hund,katt og høner)
og ser vel ikkje bort ifrå at me endar opp med endå fleire på sikt...
| Haust 2010 |
5.Litt pysete må eg vel innrømme at eg er,
kastar meg vel ikkje ut i allslags ting før det er grundig undersøkt og planlagt;)
7.Savnar det å kunne reise ein tur til byen eindag å handle seg nokon nye klær.
Har blitt lite med denslags no i desse oppussingstider, klagar ikkje eg,
er veldig fornøygd med huset og forstår at det er det me har måtta legge pengane i for ei stund....men...hadde vel vore greit med eit par genserar uten målingsflekkar på;)
8. Me har starta på oppussingsprosjekt nr3!!
Solgt Laug lurar dykk på?
Neida, me er bare dumme nok til å sette igang med båtrenovering på toppen av det heile....
