Viser innlegg med etiketten småbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten småbruk. Vis alle innlegg

onsdag 24. mars 2010

Dett i desa..

No har me hatt ei kjedleg veke her,med forkjølelse og feber.
Fyrst mannen min,så eg... Heldigvis på bedringens veg,
men så er det meg med bihulene mine da...det tek laaang tid før eg bli kvitt den tette nesa(Gode råd taes imot med takk:)


Tar litt tid med overtakelsen av småbruket, konsesjonssøknad og diverse må på plass og det kunne vist ta litt tid.Men håpar det går kjapt..både eg og mannen min klør i fingrane etter å starte. Gledar oss veldig,trur det blir eit kjempefint prosjekt:)

Sjølv om det tar litt tid,har me alt begynt på oppussinga oppe i toppetasjen(i hodet altså;)...Både eg og Knut har mentalt flytta inn alt...hehe


Elskar å skisse og planlegge,så eg måtte fram med blyanten min å få nokon idear ned på ark...
I eit av soveromma( som me skal ha til tvstoge) skal me bygge inn ei himmelseng i skråtaket. skal prøve å designe utskjæringane sjølv...ikkje så lett men...

Fant denne flotte dekoren i ei bok,skreiv den ut på fotopapir og har no skjært ut(det var litt av ein jobb!) slik at det blir ein sjablong...Denne har eg lyst til å bruke til dekor på himmelsenga på eit vis. Korleis veit eg ikkje enno:)

Til "Laug" gjeng det ein fin bygdeveg(type grus)å ikkje for mange bratte bakkar;) så tenkte detta måtte vera tida å legge pengar i ein ny sykkel,den gamle hadde absolutt sett sine beste dagar kan ein sei... Syns denna her va sø fin,og no er den bestillt! Skikkleg "på landet" sykkel:)


I morgo trekker eg vinnaren av konkuransen,men du kan enno legge inn ein kommentar i forrige innlegg og bli med om du vil!


Ha ein flotters dag!

onsdag 17. mars 2010

Navnendring?

Ja nå blir det ikkje så lenge eg kan skrive frå utsikten16 lenger..
Vårt småbruk...

Veit ikkje heilt når me flytter enno,men det blir nok ikkje veldig mange vekene til...


Gledar meg veldig til eg skal begynne å blogge frå oppussinga av småbruket vårt...alt skal pussast opp og settast bak att til gamal stil!


Dette skal etterkvart bli mitt arbeidsrom

Men kva gjer ein med bloggen tru...
Byttar ein bare navn og let alle gamle bilder vera att ??eller slettar.. hmm..Kjenner eg blir litt redd for å lage ein heilt ny blogg,no som eg har kome så godt igang her...
Har dykk nokon gode råd?


    Klemmar frå

tirsdag 16. mars 2010

Dei stolte(og lett skremte) eigerar

No he me gjort det no!...gulp...


No he detta vesle småbruket blitt vårt...
Føler meg veldig glad,litt spent og ganske så klam i hendene:)
Spør meg sjølv om eg har blive tullerusk som flyttar frå nyoppussa bad/kjøkken/flott utsikt, til eit veldig mykje mindre nyoppussa bad/kjøkken)

Gammalt kjøkken    

Men det er jo så moro,å tenk så fint me kan få det tilslutt når alt er ordna og fiks ferdig!
(Ein blir vel kanskje aldri heilt ferdig men...)


Det er så kosleg med alle som legg att ei lita helsing på sida her,sett stor pris på det! Ser no att eg he runda 5000 besøk på sida her,noko som er kjempestas! Det må eg feire på eit vis,tenker eg snart skal ha ein liten give away her om litt...
Må bare finne ut kva eg skal "lodde ut" :)

torsdag 11. mars 2010

what to do...

Nooo er eg(me) i tvil no...
Eg og min mann har vel egentleg alltid vist at innerst inne, har me begge eit ønske om eit lite småbruk
som me kunne pusse opp og leve det landlige livet fullt ut:)

Her om dagen var me å kikka på eit gamalt småbruk ikkje langt frå der me bur no..Eit gamalt lite, kvitt hus i sveitserstil med raudmåla låve,tilhøyrande skog og eit lite vatn...

Me var veldig ivrige når me reiste dit og såg området og gårdsplassen...
Me var ikkje fullt så ivrige når me såg inne i huset...
Reist heim att for å tenke litt og no er me litt halvivrige igjen:)


Me har det på alle måtar så fint her me er,så det er ein ting( hagen og utsikten er heilt fantastisk) og det fristar ikkje akkurat å bytte ut nytt bad og kjøkken med gammalt. For hvis det blir aktuellt med kjøp må me bu i det gamle og ta oppussinga etterkvart... 
Sammen med husbokken...gulp
Tak må byttast,husbokken må gassast,pipa må ordnast,rør o.s.b
Men likvel sø he ein litt lyst til å slå til:)
Mykje som skal klaffe om det blir noko au,men det er jo litt spennans...  Me får no sjå...:)