Viser innlegg med etiketten hobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hobby. Vis alle innlegg

torsdag 9. september 2010

Haustkos


Er så kosleg å vera i skogen å plukke tytteberlyng og lage kransar. Endå koslegare er det når ein har godt selskap slik som Tasse:) Får skikkleg lykkefølelse av å gange slik i ro og mak og trekke inn den gode haustlufta...

Fylte ei korg og ein pose med litt natur å så var det bare å sette igang:)
Fekk dilla på å lage kransar i fjord haust,og den "dillen" hadde vist ikkje gjeve seg heilt enno fant eg ut;)


Så..fiks ferdig krans,klar til å henge på skapdøra

Og for slitne turgåerar er det godt å kunne slappe av sammen med ein nyankomen venn: Sussi

Ha ein fin haustkveld,
no skal eg ut å rote i det her:
Som liksom skal bli gardsbutikken vår på sikt...
Blir ikkje mykje sofakos på meg i kveld gitt;)

onsdag 3. mars 2010

Gamle aviser og egg

Syns gamle aviser er så fine og dekorative. Har fått tak i desse på nettet. Den største,dagbladet frå 1888, skal eg få tak i ein stor ramme til å ha på veggen..


Utruleg moro det er å lese nyheter frå den tida...nyhetene i seg sjølv er artige, men også måten det er skriven på...kosar meg glugg ihjel:)Det var den tida avisa kosta 1kr og 20 øre for eit halvår...

Har laga nokon egg i ull idag, dei er pynta med diverse pynt,nokon med gamle aviser og blonder..
Legg nokon til salgs i den vesle butikken min;)



Det er sååå moro å jobbe med ull..kan jo lage alt mogleg av det...


Dette kjepefine skjerfet har eg fått i posten no:) Dette vant eg hos Dans på roser,Kathrin.Det er kjempefint!!Tusen takk:)

onsdag 20. januar 2010

Nytt gammalt bilde:)




 No har eg prøvd meg på endå eit lerrets bilde.Bilde er av min mor,(i bunaden)hennes sysken og nokon som var på besøk. Syns dei er så fine:) Bilde er tatt på garden der mor er oppvaksen.



 
 



Eg måla fyrst lerrete i ein farge eg ville ha, lima eit fint ark oppå det, og endå eit ark( gammalt brev funne på internett) som eg reiv litt i kantane og bretta slik at det såg gammalt ut. Så lima eg bilde på.Bilde er scanna frå originalen og deretter pussa litt i kantar med sandpapir og rivd litt i, slik at det får den rette looken.Tilslutt har eg pynta med
blonder og blomst...






 No står bilde på den gamle sjenken inne i stoga,men det får koma opp på veggen etterkvart. Lurte på å lage slike bilde av alle dei gamle familiebildene me har, å lage ein familievegg. Har så lyst å ha alle dei gamle fine bilda oppe og ikkje nedi ein skuff...

Ha ein fin kveld alle sammen! 

Helsing 

tirsdag 19. januar 2010

Stol

Nå skal snart denne jenta snart gjøre ting ho ikkje kan.Denne ørelappstolen kjøpt for 2oo kr på finn,skal få nytt trekk...Trekke om stolar er ikkje akkurat det eg kan best, men no er linstoff bestillt og symaskina lånt...så då er det vel bare å prøve:)
skummelt....


Armlenene skal slipast og beisast med beisen drivved.
Skal legge ut før og etter bilde når jobben er gjort:)