Viser innlegg med etiketten tvrom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tvrom. Vis alle innlegg

onsdag 24. mars 2010

Dett i desa..

No har me hatt ei kjedleg veke her,med forkjølelse og feber.
Fyrst mannen min,så eg... Heldigvis på bedringens veg,
men så er det meg med bihulene mine da...det tek laaang tid før eg bli kvitt den tette nesa(Gode råd taes imot med takk:)


Tar litt tid med overtakelsen av småbruket, konsesjonssøknad og diverse må på plass og det kunne vist ta litt tid.Men håpar det går kjapt..både eg og mannen min klør i fingrane etter å starte. Gledar oss veldig,trur det blir eit kjempefint prosjekt:)

Sjølv om det tar litt tid,har me alt begynt på oppussinga oppe i toppetasjen(i hodet altså;)...Både eg og Knut har mentalt flytta inn alt...hehe


Elskar å skisse og planlegge,så eg måtte fram med blyanten min å få nokon idear ned på ark...
I eit av soveromma( som me skal ha til tvstoge) skal me bygge inn ei himmelseng i skråtaket. skal prøve å designe utskjæringane sjølv...ikkje så lett men...

Fant denne flotte dekoren i ei bok,skreiv den ut på fotopapir og har no skjært ut(det var litt av ein jobb!) slik at det blir ein sjablong...Denne har eg lyst til å bruke til dekor på himmelsenga på eit vis. Korleis veit eg ikkje enno:)

Til "Laug" gjeng det ein fin bygdeveg(type grus)å ikkje for mange bratte bakkar;) så tenkte detta måtte vera tida å legge pengar i ein ny sykkel,den gamle hadde absolutt sett sine beste dagar kan ein sei... Syns denna her va sø fin,og no er den bestillt! Skikkleg "på landet" sykkel:)


I morgo trekker eg vinnaren av konkuransen,men du kan enno legge inn ein kommentar i forrige innlegg og bli med om du vil!


Ha ein flotters dag!