tirsdag 20. april 2010

Godt innpakka gåver:)

Me har fortsatt ikke formelt overtatt garden enno,men det er bare dagar om å gjera no. Har fått lov av selgar å begynne litt på rivinga og utryddinga inne no...


Taket var dekka med strie og lerret. Under var det fint panel! Det er som å pakke opp den finaste jolegåva:)Neste spenningsmoment var å rive av dei harde og utskiftningsklare platene på stogeveggane. Bak skjulte det seg fine tømmerveggar,kjempefine var dei! Ikkje noko tegn til Husbokk her vertfall.Hurra:) 



Ser verkeleg for meg korleis det hjem til å bli her no... Skal ha tømmer på to av veggane og kvitmåla panel på dei to andre. Me skal beise tømmerveggane med beisen,drivved...
Gledar oss til me kan starte med det:)

Her er det visning idag og imorgo,har fått bra tilbakemeldingar,så håpar salget gjeng bra!

Stor klem til dykk alle!

onsdag 14. april 2010

Kosleg helg hos syster i særp

Gammalt bilde,der me var litt tatt av vinden:)

I helga var eg og mannen ein tur til Sarpsborg for å besøke syster mi og mannen:) Har endå ei syster der borti Østfold,så på Laurdagen var alle "søstrene-sisters" samla. Det var såå kosleg! Er desverre ikkje så alt for ofte me får truffe kvarandre for tida:(  Håpar me får forandra det!


Ein liten bilde collage som syster mi he laga og sendte til oss:)

Ein annan grunn til at me tok oss ein Østfoldtur var at mannen i huset skulle springe halvmarathon i Fredrikstad.
Har ein utruleg sprek og flink mann(skryte-skryte)
som sprang inn til 3plass!




Husvask:)
Me har ikkje overtatt småbruket enno,
då me fortsatt! ventar på konsesjonen...
Huset me bur i no er lagt ut på Finn,
så alt me ventar på no er den dumme søknaden...
usj,det er så kjedleg å vente når alt ein ynskjer er å sette igang med malekost og måling...
Heldigvis har me fått lov av eigar å starte på vask av huset utvendig...
og det var det verkeleg behov for!!
 Møkka renner av etter skuringa vettu!

I morgo skal eg inn å sjå litt til alle dei fine bloggane igjen. Har hatt så mykje å gjera dei siste dagane at det har blitt lite med tid til nettopp det,men det skal bli ein forandring på i morgo.No treng eg litt inspirasjon:)

Ønsker alle ei fortsatt fin veke:)



som no har endra bloggnavnet til "livet på Laug".Takk for hjelp med navnevalg!

tirsdag 6. april 2010

Så va eg her att

Bli eit litt lengre avbrekk enn eg trudde frå bloggen,men med både host og hark pluss påskeferie,så drøya det litt...

Heldigvis er eg kvitt mi tette nese no,og hvis det er nokon som er plaga med det same, er nese horn( ikkje som i dyret;nesehorn:)men noko du kan bruke til å skylle nesa med..fåes på apotek! Hjelpte vertfall på meg:)

Bilde inne frå Laug,når me var å kikka der før kjøpet

Det går sin gang her hos oss,me ventar fortsatt på å få overta småbruket. Og det einaste me kan gjera mens me ventar,er å legge endå fleire planer om oppussing...

Bilete over er frå kjøkknet(lengst inn) og trapperom/ekstra stue.
Denne veggen som du ser her,lurar me litt på å rive for å få eit stort rom.. Og muligens ein stor peis her(som ein då ser frå begge romma...men bare tankar enno..er mange idear som surrar no før me overtar,og det er vel bare halvparten som det bli noko av...:)