torsdag 16. desember 2010

Litt oppussing før jol

Hei igjen alle sammen. I dag slenger eg ut nokon bilete av gangen vår,
som me har hatt ein 2,5 dags oppussingsrunde på.
 Har snille foreldre som har vore på arbeidsleir hos oss igjen;)

Gangen vår har vore veldig nedprioritert hos oss,
har liksom vore så mykje anna å halde på med,
og tilslutt legg ein nesten ikkje merke til korleis det ser ut!

 Men var bare utruleg godt når me endelig fikk gjort det!
Kosleg å møte folk med eit litt kosleg rom når dei
kjem på besøk i jola.

 Me har lagt belegg i gangen,he vore veldig skeptisk til nettopp dette...
men det er jo så utruleg praktisk og det er eit kjempefint golv som ser ut som
eit gamalt mørkt tregolv....blei faktisk veldig fornøygd!

Me har har hatt panel på veggane og måla med ein ljos blågrøn farge.
 Litt styling og listmaling må til før me seier oss ferdige.
men ein gamal planke frå låven er komen inn som knaggrekke.

 Gamal planke og knaggar blei til knaggrekke,her heng ein liten velkomsthelsing til dei som kjem innom.


 Nokon reinsdyr og nokon andre dyr;)
Var ikkje lett å få tatt så fine oversiktsbilete herfrå, liten gang,
så eg stod heilt knyst oppi veggen,nesten inne i skapet, for å ta bilde:)


Tilslutt eit før bilete.
Slik såg gangen ut når me overtok.:)


Ha ei rektig god førjolstid alle sammen!
Håpar de kosar dykk og nyt denne fine tida,
ikkje stress for mykje ,nyt dagane:)

7 kommentarer:

Åsemor sa...

Snille foreldre me heve altså!!! Det blei kjempefint, golvet ser ut som eit ekte tregolv. Er sø moro å sjå når du legg ut før-bilde, skulle ikkje tru det var sama huset...Kos dikkøn vidare i adventstisa, no bankar joli straks på!

Mia, New Room Interior sa...

Helt nydelig ble gangen!!! Deilig å få den ferdig før jul, tror ikke vi rekker det helt med vår, men nesten... :-) Ha en super helg!! Klem

Småbruket Granli sa...

Så fint det ble Oddlaug:) dere er flinke!! Kos dere i førjulstiden dere også:) Klemmer!

Torunn sa...

Ja, det blei noko anna. Kjempfint blei det. Sø fin den knaggrekka blei au, kan eg få bestille meg ein slik..:-) Klem frå storesøs.

Tante Titti... sa...

KJEMPEFINT! Gøtt mæ alt som æ gjort! ;) Eg æ ikkje klar te jol endå, alt æ kaos her i heimen heheh... men kjem vel i mål i år au :) Gledar meg te å koma på besøk, men trur ikkje d bli mellom jol og nyttår ;) Og eg håpar veeeldig at du og gubben tek turen innom her på Åheim nør dikkån hæ på heimlege trakter!!!

Glad i deg!!
Nyt dei senste dagane fyri joli ringast inn!! :)

Solveig sa...

Ååå, så koselig dere har fått det! Veldig kjekt å se hvordan det er blitt. Inspirerende for meg som skal pusse opp gangen nå etter jul;o)))
Helt enig med deg; en blir liksom litt "blind" når en går opp i det samme hver dag. Gangen er jo det første folk ser når de kommer innom og der har en jo lyst til å ha det litt fint, da;o)
Ønsker deg en flott 4-søndag i advent.
Klem fra Solveig

Bondekjerringa sa...

Nydelige detaljer. Herlig blogg. Her får du en ny følger :)