fredag 13. august 2010

Nokon bilete frå garden

Ein liten pust i bakken frå nye oppussingsprosjekt no heldigvis,med nytt tak på plass,nytt kjøkken,bad,startar det å hjelpe seg:)  
Nokon bilete frå huset utvendig fylgjer her:
(ikkje alle er tatt i dagsljos,så det er litt varierande kvalitet)


Bilete frå hekkplantinga vår,treng nok nokon år på seg denne pjuskete hekken gitt...
Her har me halde på med å måla inngangspartiet og kjøkkeninngangen.Dørene blei måla mørke grøne,blei veldig fornøygd med den fargen.


Mannen min har laga dekor til å ha ved begge inngangspartia,i tak og ved stolpar.

Fått oss kurvstolar på halv pris no på ettersommaren.Utruleg kjekt:) No fekke me ein super uteplass som me kan bruke langt utover hausten..Må bare finne oss nokon varmelamper:)

Kjøkkenet er slik nogenlunde på plass au,gjenstår litt småpuss,men fullt brukleg vertfall,noko som er ubeskriveleg godt etter lang tid uten kjøkken:)
 Skal vise nokon fleire bilete i morgo.

No skal denne jenta legge seg ned litt, for eg vakna ein dag med skikkeleg kink i nakken,
så det å kikke inn i ein skjerm er ikkje det beste merkar eg...:(
skal fortelle litt meir om tinga me har gjort i neste innlegg..

Ha ein flotters dag alle sammen!


1 kommentar:

lillelise sa...

Så fint det blir hos dere! Dere har virkelig stått på i sommer. Kjempe hyggelig hus, både ute og inne. Lykke til videre med alle prosjektene, og ha ei fin fin helg