søndag 14. februar 2010

7 ting om Utsikts jenta:)

Skal prøve å skrive litt om meg her..:)

1.Eg er forholdsvis nygift:)
 Me gifta oss i 6.6.2009.Ein kjempefin dag!Eg er ei veldig heldig jente som er gift med ein kjempesnill og god mann:)
Han er ein skikkleg spreking av ein mann,som spring til jobb,nesten kvar dag!

Han overasker stadig innen interiørfaget,sjølv om han er av typa: mekke bil-rørlegger-idrettsmann:)
..som når me satt i sofaen og begynte å snakke om ulike stilar, å mannen min begynte å snakke om at det er vel ikkje shabby shic me har akkurat..litt meir fransk landstil! moro:) sjølv om eg vil nok sei eg blandar stilar litt..


2.Eg kjem egentleg frå Vinje. Bur ikkje der no,men er stadig vekk heime for å treffe dei heime. Heimplassen min ligg utruleg fint til,men ein utruleg utsikt:)Dette er eit bilete tatt no i jola...

 

3.Veldig glad i Telemark og kjem nok ikkje til å flytte vekk herfrå:)Dette er bilete frå ein fjelltur i Arabygdi i Vinje,der mor mi kjem ifrå...

4.Er utdanna interiør konsulent NKI...Men brukar utdanninga kun til eige bruk;)

5.Me har nesten ikkje kjøpt nye møblar til huset vårt.Det meste er enten fått av slekt(som ville bytte ut møblar) eller me har kjøpt det brukt...Ein stor tilhengar av finn.no..hehe


6.Eg har vore heilt på den minimalistiske stilen tidlegare...men...eg fant fort ut att eg ikkje kan vera minimalistisk..eg er altfor glad i å dille og ikkje er eg ryddig nok heller! hehe

7.Har ein mann som er utruleg glad i hagearbeid,å me har ein hage her som det er mykje potensiale i. Til våren skal me kose oss med å ordne i hagen...blomar,grønsaker og frukttre:)

Dette var sju ting om meg sjølv som fylgde med awarden eg har fått tidlegare,skal prøve å finne ut kven eg skal sende utfordringa til no...hm...



1 kommentar:

KRUSEDULL sa...

Koselig å bli litt bedre kjent med deg:) Høres ut som du har gjort en god fangst med mannen din:)Det er kjekt med hagearbeid. Gleder meg til våren! Ønsker deg en herlig uke!