Viser innlegg med etiketten tasse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tasse. Vis alle innlegg

onsdag 30. juni 2010

Det gjeng ikkje alltid som ein trur:)


Bilete frå Laugtjønn,som ligger på tomta vår.

Hadde vist altfor høge tankar om mobilt bredbånd gitt...
Litt forsinka, men godt igang!



Æsj det er så kjedleg når internett ikkje fungerar altså...Litt nettproblemer her til gards.Meeen me burde kanskje vist at mobilt bredbånd kanskje ikkje er det beste når mobilsamtalene alltid bryter her...tihi..stolar blindt på telenor vettu;) Men omsider har me fått nett på plass,om ikkje det er så veldig raskt så får ein vertfall kome seg inn på bloggen:)

Men nok om det!


Vår eigen gard på landet. For ein draum : ) utruleg moro å stadig vakne opp att med nye idear og planer i hovudet(sjølv om det nok kan bli litt vel mykje på ei gong;) Kan bli litt sliten au om ein ikkje klarar å sile ut. Kan ikkje gjera alt det ein har lyst til på ein gong!

Hagebilete frå Laug tidlegare i sommar




Men me har då kome godt igang på Laug..
Me har fått klart eit soverom,eit lite gjesterom og stoge,alt i 2etg. Her var den enklaste jobben sidan det var kun malejobb for det meste! Den største jobben her var nok vindauga...Me har vore fast bestemt på at me ville beholde dei gamle vindauga i huset og skaffa oss dermed ein jobb av dimensjonar.hehe. Vindauga var utruleg stygge og såg heilt råtne ut nede i karmen,det fyrste me tenkte var at me måtte bytte dei ut,men når me satte igang med å skrape fant me fort ut at treverket var like fint! Bare å skrape,pusse og måle.

Det er fortsatt ein del småpuss igjen på romma,men det gjeng no vertfall ann å bu her no!

Desse gamle hagestolane stod igjen på garden når me overtok,no er dei pussa opp og i bruk igjen.


Sjå på denne vesle krabaten som me var å henta på søndag..Verdens søtaste vesle dachsegutt.8 veker no...Utruleg rampete,elskar alt som heiter elektriske ledningar og andre nei-nei ting. Jammen mykje jobb med ein valp i hus,men det er sååå verdt det:)Tasse blir navnet hans...
 
Lurar på kva slags fantestrekar eg skal finne på no?
I morgo skal eg få lagt ut bilete frå soverommet som me har pussa opp!
Skal få lagt ut bilete av alle romma som er ferdige etterkvart...